JAG Assistanse AS

Vil du ha ein jobb der du verkeleg gjer ein forskjell? – Fast stilling som medarbeidsleder (BPA med utvida lederansvar).

JAG Assistanse AS  •  Volda, NO (Onsite)  •  11 days ago
Apply
AI can make mistakes so check important info. Chat history is never stored.

Job Description

JAG Assistanse søker medarbeidsleder i BPA-ordning

Eg er ei vaksen og hummørfylt voksa dame som er glad i å gå på konsertar og andre kulturarrangement eller ein tur på cafe. Det er viktig for meg å ha det koseleg i heimen, og eg er flink med planter og interiør.
Eg er arbeidsleiar i eiga assistanseordning. På grunn av samansette funksjonsnedsettingar som talevanskar, så vil du som medarbeidsleiar vere min viktigaste samarbeidsparter.
Det er difor svært viktig for meg at du har gode samarbeidsevner og inkluderer meg i alle aspekt i arbeidsleiinga.

Om stillingen:

Fast stilling på 27 timer i uken. Tilsvarer en stillingsprosent på 76 %.

Arbeidsoppgåver som medarbeidsleiar:

  • Tilretteleggje slik at BPA blir skreddarsydd rundt behova til vedtakseigaren
  • Gjennomføre medarbeidarsamtalar og halde assistentmøter i tråd med JAG sine rettningslinjer.
  • Vere min kontaktperson og næraste samarbeidspartner
  • Bistå meg med å følgje lov- og avtaleverk
  • Lage arbeidsplanar og påse at assistansen alltid vert overhold.
  • Bistå i rekruttering, opplæring, rettleiing, arbeidsmiljø og kontroll av timelister etc.
  • Halde i assistansegarantien for ordningen; Sjå til at det alltid er en assistent til stades. Dersom ein assistent ikkje kan kome på jobb, er det medarbeidsledeiaren ansvar å skaffe vikar eller vere vikar sjølv.
  • Bistå med å organisering av reiser.

    Som medarbeidsleiar vil du også ha daglege assistentoppgåver som husarbeid, hjelp til personleg stell og assistere når eg skal ut på ulike avtaler og arrangement.

Ønsket kompetanse/personlege eigenskapar:

  • Faglege kunnskapar/erfaring (t.d. administrativt arbeid, arbeidsplanlegging og bemanning, arbeidserfaring knytt til BPA.
  • Påliteleg, ansvarsfull og strukturert.
  • Løysingsorientert og sjølvgåande
  • Kunne setje seg inn i, og forstå andre sine utfordringar.
  • Fleksibel

Krav i stillinga:

  • Plettfri vandel/politiattest
  • Gode norskkunnskapar
  • Førarkort

Søknadsfrist: Snarast! Søknader blir vurderte fortløpande.

Kvinner blir særleg oppmoda til å søkje.

Emosjonelle krav:

Det blir stilt emosjonelle krav i stillinga. Emosjonelle krav handlar om dei kjenslemessige krava som blir stilte til arbeidstakar i møte med andre. Handtering av eigne og andre sine kjensler er ein viktig del av jobben. I rolla som personleg assistent kan ein kome i situasjonar der ein må justere og/eller meistre eigne kjensler, samt handtere andre menneske sine kjensler, inkludert sorg og glede. Dette blir gjennomgått på intervju og ved praktisk opplæring på arbeidsplassen.

Som personleg assistent i JAG utgjer du ein skilnad kvar dag, og personleg eignaheit er avgjerande.

Løn:

JAG Assistanse følgjer tariffavtale (Landsovereinskomsten for BPA). Lønsplassering blir fastsett ut frå dokumentert ansiennitet ved tilsetjing. Relevant erfaring kan vere BPA-assistent, barne- og ungdomsarbeidar, førskulelærar, helsefagarbeidar m.m.

Kveld/natt- og helgtillegg ihht tariffavtalen.

JAG Assistanse AS

About JAG Assistanse AS

JAG Assistanse (JAG) er en ideell leverandør og tilrettelegger av BPA. JAG har spesiell kompetanse om organisering av BPA for personer med sammensatte og kognitive funksjonshemminger. Mange hos JAG har behov for assistert arbeidsledelse og vi arbeider for å få en maksimalt individuelt tilpasset assistanseordning for å sikre selvbestemmelse og god livskvalitet.

Industry
Healthcare & Social Services
Company Size
51-200 employees
Headquarters
Unknown
Year Founded
Unknown
Social Media