Bergen kommune

Tilkallingsvikarar som lærar og assistent

Bergen kommune  •  Vatne, NO (Onsite)  •  3 hours ago
Apply
AI can make mistakes so check important info. Chat history is never stored.

Job Description

Vi søkjer tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2026/27. Skriv i søknaden kva som er aktuelt.

Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med litt under 400 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.

Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolte over å vere ein del av.

I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida. Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

Følgjande arbeidsoppgåver er aktuelle:

  • Undervisning (lærarstilling)
  • Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkeltebarn
  • Gje barn positiv oppfølging og støtte
  • Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansette behov
  • Rettleie barn i leik og aktivitetar
  • Leggje til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO
  • Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltid
  • Samarbeide med skulen sine tilsette

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse og relevant erfaring for lærarstilling
  • Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage
  • Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • God digital kompetanse
  • Godkjent politi- og tuberkulinattest

Personlege eigenskapar

  • Likar å arbeide med barn og unge
  • God vaksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre
  • Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ
  • Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar
  • Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer
  • Positiv og godt humør

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein arbeidskvardag der du gjer ein skilnad i barn og unge sine liv
  • Ny og moderne skule og SFO
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø
  • Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt
  • Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
Bergen kommune

About Bergen kommune

Become part of Bergen Municipality. With over 20,000 employees, we are the largest employer in the region. Our mission is to deliver good services to the residents of Bergen. Our employees work with everything from urban development, kindergartens, schools, health to culture. With us, you will be part of a good professional environment, and you will get a meaningful job with development opportunities.

---

You are welcome to follow us and to like, comment and share what we publish. Remember that what you write can be read by anyone who visits the page.

We reserve the right to remove posts that are either offensive, harassing, racist, or that step over the limits of privacy. Consideration for privacy and rules for municipal case processing limit the ability to go into people's individual cases on LinkedIn.

---

Do you need help from us or have questions about our services?

On the municipality's website, www.bergen.kommune.no, you can chat with us during working hours or ask the chatbot Kommune-Kari 24/7. You can also call us at Innbyggerservice phone 55 56 77 00 or send an email: to postmottak@bergen.kommune.no

Would you like to know more about what data LinkedIn collects about you, read more here: www.linkedin.com/legal/privacy-policy

See your user agreement with LinkedIn here:

https://no.linkedin.com/legal/user-agreement?

---

This LinkedIn page is managed by the Communication Section of Bergen Municipality. You can contact us by email: kommunikasjon@bergen.kommune.no

Industry
Government & Public Safety
Company Size
5,001-10,000 employees
Headquarters
Bergen, NO
Year Founded
1070
Social Media