Helse Fonna HF

Sommarvikar

Helse Fonna HF  •  Mjeldo, NO (Onsite)  •  1 hour ago
Apply
AI can make mistakes so check important info. Chat history is never stored.

Job Description

Vil du ha ein variert og lærerik sommarjobb i eit triveleg fagmiljø? Medisinsk poliklinikk ved Lærdal sjukehus har ledig eit sommervikariat i perioden 21.06.2027–22.08.2027.

Stillinga kan vere aktuell for autorisert sjukepleiar, sjukepleiarstudent, medisinstudent eller helsefagarbeidar.

Poliklinikkane tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan hjartesjukdommar, mage- og tarm sjukdommar, infusjonsbehandling, lungesjukdommar og ortopedi.

Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for kommunane i Indre Sogn. Lærdal ligg innerst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er det flott vestlandsnatur i nærleiken som kan brukast heile året. Ved fjorden er det flotte forhold for båtliv, kano/kajakk, bading, sauna og klatring.

Lærdal og nabokommunane har i løpet av sommaren fleire festivalar, mellom anna Jordeplerock, Målrock, Kom heim-festival og Fresen. Her er òg treningsstudio, kafear og kino.

Velkomen til Lærdal!

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk omsorg på alle fagområda.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Sjukepleiarstudentar, medisinstudentar og helsefagarbeidarar vert også oppmoda om å søkje
  • Erfaring frå sjukehus er ønskjeleg
  • Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
  • Erfaring med bruk av DIPS er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfelta
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Du må ha evne til systematisk arbeid

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Opplæring
  • Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Trivelig arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Helse Fonna HF

About Helse Fonna HF

Industry
Unknown
Company Size
Unknown
Headquarters
Unknown
Year Founded
Unknown
Social Media