Job Description
Vil du vere med og styrke den psykiske helsa i Nordfjord?
Er du ein person som brenn for å gjere ein forskjell i menneske sine liv – spesielt når livet er som vanskelegast? Ønskjer du å bidra til at folk opplever respekt, likeverd, medverknad og omsorg i møte med psykiske utfordringar? Då kan dette vere akkurat den jobben du har venta på!
Seksjon Døgn har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar eller vernepleiar frå 01.02.2027.
Vi har 12 sengeplassar og eit tverrfagleg team på om lag 30 tilsette. Teamet består av psykologspesialist, overlege, klinisk sosionom, lege i spesialisering, vernepleiar, sjukepleiar, barnevernspedagog, sosionom, helsefagarbeidar, erfaringskonsulent, musikkterapeut og helsesportspedagog. Stillinga inneber tredelt turnus inkludert arbeid på natt. Arbeid kvar tredje helg, eller moglegheit for arbeid kvar fjerde helg med lange vakter.
Hjå oss får du:
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Moglegheit til å påverke og utvikle tilbodet til pasientane
- Ein variert arbeidskvardag med pasientnært arbeid
- Ein meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjell
Les meir om Nordfjord psykiatrisenter her.
Arbeidsoppgåver
- God opplæring
- Jobb saman med dedikerte og dyktige medarbeidarar
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Interne fagdagar og undervisning for fagleg og personleg utvikling
- Fokus på eit triveleg og trygt arbeidsmiljø til det beste for oss og pasientane
- Fleksibilitet til å kunne ta initiativ og påvirke eigen arbeidskvardag
- Vidareutdanning i psykisk helse og rusarbeid
Kvalifikasjonar
- Ta vare på og gje behandling til menneske som er i døgnopphald, i samsvar med pasienten sin behandlingsplan
- Involvere pårørande i behandlinga til deira nære
- Kome med faglege innspel for å utvikle tenestene våre til det beste for pasientane
- Delta i miljøterapeutiske aktivitetar som til dømes turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar
- Samarbeid med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytarar
Personlege eigenskapar
- Evne til å møte pasientar med respekt og eit ope sinn
- Evne til å skape gode relasjonar
- Evne til å arbeide målretta og vere løysingsorientert
- Ønskje om fagleg utvikling
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
- Oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø og har gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar vert i stor grad vektlagde.
Vi tilbyr
- Norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
- Interesse for fagfeltet
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.