Bergen kommune

Ringevikarar ved Kviteseid skule

Bergen kommune  •  Kviteseid, NO (Onsite)  •  3 hours ago
Apply
AI can make mistakes so check important info. Chat history is never stored.

Job Description

Lærarar og fagarbeidarar assistentar

Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for elevane våre?

Kviteseid skule søkjer engasjerte og pålitelege ringevikarar som kan arbeide ved fråvær og andre kortvarige behov. Vi treng både lærarar og fagarbeidarar/assistentar. Arbeidet kan vere på 1.–10. trinn og på SFO.

Som ringevikar kan du bli kontakta på kort varsel. Omfanget av arbeidet vil variere etter skulen sitt behov, og stillinga har ingen fast stillingsprosent eller garanti for eit bestemt tal arbeidstimar. Det kan òg bli aktuelt med kortare vikariat over fleire dagar eller veker.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver for lærarvikarar

  • Gjennomføre undervisning etter planane til læraren
  • Skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø
  • Følgje opp elevar fagleg og sosialt
  • Tilpasse undervisninga til elevar med ulike behov
  • Samarbeide med kollegaer og andre tilsette ved skulen

Arbeidsoppgåver for fagarbeidarar og assistentar

  • Følgje opp enkeltelevar og elevgrupper i undervisninga
  • Vere ei støttande og hjelpande hand i klasserommet
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
  • Støtte elevar med ulike behov og utfordringar i skulekvardagen
  • Samarbeide med lærarar og andre tilsette
  • Arbeid på SFO kan vere aktuelt

Kvalifikasjonar

For lærarvikarar er det ønskjeleg med relevant lærarutdanning. Studentar under lærarutdanning kan òg søkje. For fagarbeidarar er det ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant fagbrev. For assistentar er det ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Erfaring frå skule eller SFO er ein fordel. Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Du må kunne bruke digitale verktøy i arbeidet.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er ein varm, trygg og tydeleg vaksenperson
  • er glad i barn og ungdom og ønskjer at alle elevar skal oppleve meistring og trivsel
  • byggjer gode relasjonar til elevar og kollegaer
  • møter elevar med ulike behov med tolmod, omsorg og respekt
  • er fleksibel, samarbeidsvillig og løysingsorientert
  • kan arbeide sjølvstendig og ta gode val i kvardagen
  • er påliteleg og kan møte på kort varsel
  • bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • meiningsfulle og varierte arbeidsdagar
  • eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • dyktige og engasjerte kollegaer
  • moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i elevane sin kvardag
  • lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
Bergen kommune

About Bergen kommune

Become part of Bergen Municipality. With over 20,000 employees, we are the largest employer in the region. Our mission is to deliver good services to the residents of Bergen. Our employees work with everything from urban development, kindergartens, schools, health to culture. With us, you will be part of a good professional environment, and you will get a meaningful job with development opportunities.

---

You are welcome to follow us and to like, comment and share what we publish. Remember that what you write can be read by anyone who visits the page.

We reserve the right to remove posts that are either offensive, harassing, racist, or that step over the limits of privacy. Consideration for privacy and rules for municipal case processing limit the ability to go into people's individual cases on LinkedIn.

---

Do you need help from us or have questions about our services?

On the municipality's website, www.bergen.kommune.no, you can chat with us during working hours or ask the chatbot Kommune-Kari 24/7. You can also call us at Innbyggerservice phone 55 56 77 00 or send an email: to postmottak@bergen.kommune.no

Would you like to know more about what data LinkedIn collects about you, read more here: www.linkedin.com/legal/privacy-policy

See your user agreement with LinkedIn here:

https://no.linkedin.com/legal/user-agreement?

---

This LinkedIn page is managed by the Communication Section of Bergen Municipality. You can contact us by email: kommunikasjon@bergen.kommune.no

Industry
Government & Public Safety
Company Size
5,001-10,000 employees
Headquarters
Bergen, NO
Year Founded
1070
Social Media