Westcon Yard Florø held til på det tradisjonsrike verftet sentralt i Florø, og er ein leiande aktør innan forretningsområda subsea/fabrikasjon, skip og forsvar Vi har ei prosjektportefølje som stadig utviklar seg i takt med nye behov og moglegheiter. Westcon satsar langsiktig og jobbar målretta med modernisering og berekraft. No ser vi etter fleire dyktige kollegaer som vil vere med og styrkje laget i eit variert arbeidsmiljø i vekst og utvikling.
Er du prosjektingeniøren som har kontroll på detaljane – utan å miste oversikta?
Du trivst med å vere bindeleddet mellom fag, folk og framdrift, og har både teknisk forståing og gode samarbeidsevner. Du er analytisk, strukturert og løysingsorientert – og kommuniserer godt med både kollegaer, kundar og leverandørar.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som prosjektingeniør i Westcon Yard Florø vil du vere ein sentral del av prosjektgjennomføringa og ha ansvar for teknisk underlag, koordinering og oppfølging.
Sentrale oppgåver:
Ønska kvalifikasjonar
Vi ser for oss at du har bachelorgrad eller teknisk fagskule, gjerne med fagbrev som grunnlag. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
Vidare er det ønskjeleg at du har:
Personlege eigenskapar
Vi ser for oss at du:
OM WESTCON YARD FLORØ
Westcon Yard Florø er i vekst og har som underleverandør til Kongsberg Naval Service inngått ein strategisk rammeavtale om vedlikehald av forsvaret sine fregattar, i tillegg til avtalar om vedlikehald av Kystvaktflåten. Vi opplever samtidig god vekst innanfor nybygg av subseamodular og leverer mellom anna til kundar som Aker, Technip FMS og Subsea 7. Vi er opptekne av at du må ha dei rette haldningane, like å samarbeide og kunne kommunisere godt med andre. Vi er vidare opptekne av at vi her på Westcon er eit fellesskap, der kunnskap blir delt på tvers av roller og avdelingar.
Kvifor velje oss? Som prosjektingeniør hos oss vil du få faglege utfordringar, men òg gode moglegheiter for individuell karriereutvikling. Våre siste store kontraktar gir oss mange moglegheiter, men òg tryggleik og stabilitet i eit langsiktig perspektiv. Som arbeidsplass kan vi by på fagleg utfordring og utvikling, kjekke kollegaer med godt samhald, eiga kantine, velferdsordningar og gode framtidsutsikter. Vi er i dag rett over 200 tilsette, og ser fram til å ønskje fleire nye kollegaer velkomne!
Verftet si lokalisering: Florø er ein småby med om lag 9 000 innbyggjarar lengst vest i landet og er omgjeven av fantastisk natur. Fjell og hav er tett på, men du finn samtidig alt du treng av byliv med kafear, kultur og ulike fritidstilbod. Her er ein sentralt plassert flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen. I tillegg har Kystekspressen sine båtruter to daglege avgangar til Bergen.

We are a recruitment company with experienced advisors.
Norway is our prime market, offices in Oslo and Bergen.
We are using new recruitment tools and processes. We strive to help you grow your company - call us, or send a message, you won't regret it.