Norsk Hydro

Operatør Industrimekanikar

Norsk Hydro  •  Onsite  •  3 hours ago
Apply
AI can make mistakes so check important info. Chat history is never stored.

Job Description

Hydro Aluminium Metal er ein leiande leverandør av pressbolt, valseblokker, støypelegeringar, tråd og høgreinsaluminium, med eit globalt produksjonsnettverk med rundt 6 000 tilsette. Vi har anlegg for produksjon av primærmetall i Europa, Canada, Australia, Brasil og Qatar, og attvinningsanlegg i Europa og USA. To tredelar av produksjonen vår av primæraluminium er basert på fornybar energi.

Vi søkjer ein dyktig og engasjert industrimekanikar som ønskjer ein variert arbeidskvardag, og som blir motivert av å halde produksjonsutstyret sikkert, stabilt og tilgjengeleg. Hos oss blir du ein del av eit kompetent, tverrfagleg miljø der samarbeid, fagleg utvikling og ikkje minst tryggleik står sentralt.

Kva vi tilbyr deg

  • Eit godt arbeidsmiljø med høg tverrfagleg kompetanse
  • Varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Ein arbeidskvardag der tryggleiken din alltid har høgaste prioritet

Kva skal du gjere

Som industrimekanikar vil du ha ei viktig rolle i arbeidet med å sikre stabil og trygg drift. Du vil mellom anna:

  • Bidra aktivt i det førebyggjande HMS-arbeidet
  • Planleggje og utføre vedlikehald og inspeksjonar
  • Initiere modifikasjonar og forbetringar
  • Bidra til å utvikle og optimalisere produksjonsutstyr
  • Halde deg fagleg oppdatert og dele kunnskap og erfaring med kollegaer
  • Støtte drifts- og vedlikehaldsmiljøet med fagkompetansen din og delta aktivt i forbetringsarbeid
  • Inngå i vaktordninga til avdelinga

Kva som vil bidra til din suksess?

  • Fagbrev innan industrimekanikarfaget
  • Erfaring som industrimekanikar frå prosess- eller industrianlegg
  • Forståing for teknisk dokumentasjon
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Det er i tillegg ein fordel om du trivst med å bruke digitale verktøy og har erfaring med plate- og sveisearbeid.

Som person er du initiativrik og likar faglege utfordringar. Du arbeider grundig og systematisk, samtidig som du er oppteken av å finne gode løysingar. Du trivst både med sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre. Tryggleik kjem først, og du er oppteken av å ta vare på både din eigen og andre sin tryggleik i arbeidskvardagen.

Like moglegheiter

I selskapet vårt meiner vi at mangfald gjer oss sterkare. Vi ønskjer ulike erfaringar og perspektiv velkomne, og inviterer alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi vurderer kvar søknad på ein rettferdig måte og arbeider for å gi alle like moglegheiter til å utvikle seg og lukkast i Hydro.

Søknadsfrist: 22.11.2026

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte:

Tilsetjande leiar

Sven Frode Breidvik

Sven.Frode.Breidvik@hydro.com

(Norway +47) 95252171

Rekrutterar

Karoline Dorthea Johannessen Kjærland

Karoline.Dorthea.Johannessen@hydro.com

(Norway +47) 918 70 693

Norsk Hydro

About Norsk Hydro

Hydro is a leading industrial company that builds businesses and partnerships for a more sustainable future. We develop industries that matter to people and society.

Since 1905, Hydro has turned natural resources into valuable products for people and businesses, creating a safe and secure workplace for our 31,000 employees in more than 140 locations and 40 countries.

Today, we own and operate various businesses and have investments with a base in sustainable industries. Hydro is through its businesses present in a broad range of market segments for aluminium, energy, metal recycling, renewables and batteries, offering a unique wealth of knowledge and competence.

Hydro is committed to leading the way towards a more sustainable future, creating more viable societies by developing natural resources into products and solutions in innovative and efficient ways.

Industry
Oil, Gas & Mining
Company Size
10,000+ employees
Headquarters
Oslo, NO
Year Founded
1905
Website
hydro.com
Social Media