Norsk Hydro

Områdeleiar sentralt vedlikehald

Norsk Hydro  •  Onsite  •  4 months ago
Apply
AI can make mistakes so check important info. Chat history is never stored.

Job Description

Ynskjer du ein spennande og variert arbeidskvardag som leiar for dyktige operatørar i eit tverrfagleg miljø?

Hydro Husnes søkjer etter ein positiv og engasjert leiar til rolla som områdeleiar for sentralt vedlikehald. Dersom du vert motivert av å gjere andre gode og har eit driv for utvikling av menneske og prosessar, då er denne rolla for deg.

Kva tilbyr me?

Moglegheit for personleg og fagleg utvikling i ein organisasjon prega av engasjement, vilje og evne til å skapa noko saman. Du får vere med å påverke og bidra til utviklinga av Hydro Husnes, saman skapar me ein arbeidsplass for framtida. Hydro er ein leiande aktør innan aluminiumsproduksjon, med moglegheit for karriereutvikling både, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Kva skal du gjere?

Sentralt vedlikehald leverer støtte innan disiplinane mekanisk, elektro og automasjon til driftsavdelingane ved Hydro Husnes. Som områdeleiar vil du ha ei sentral rolle med personalansvar for medarbeidarar med brei tverrfagleg tyngde. Du vil vere ansvarleg for å leia avdelinga mot mål innan HMS, vedlikehald, forbetringsarbeid, kvalitet og kostnadar.

Arbeidsoppgåvene vil inkludere:

  • Aktivt og førebyggjande HMS-arbeid for å sikre ein trygg arbeidsplass
  • Ansvar for registrering og oppfølging av bemanning, sjukefråvær og hendingar
  • Dagleg oppfølging av vedlikehaldsaktivitetar for å sikre optimal tenesteleveranse
  • Bidra til at avdelingen når sine måltal gjennom målretta oppfølging
  • Ansvar for opplæring av personell og kontinuerleg utvikling av avdelingen
  • Tilrettelegge og følge opp forbetringsarbeid i avdelingen

Kva vil bidra til at du lukkast i stillinga?

  • Teknisk utdanning er ein fordel
  • Erfaring frå leiarrollen
  • Erfaring innan mekanisk, elektro og/eller vedlikahaldsfag
  • Evne til å utvikle organisasjon og medarbeidarar
  • Evne til å engasjere medarbeidarar innan HMS og forbetringsarbeid
  • Du har verdiane omsorg, mot og samarbeid som ein del av din leiarfilosofi

For å lukkast og trivast i denne rolla, må du vere god på relasjonsbygging og samarbeid Dette vil fremje eit godt samarbeidsklima på tvers av avdelingar og hjelpe avdelinga til å nå sine mål i tråd med selskapets visjon og verdiar. Di leiarerfaring bidreg til at du raskt dannar deg eit bilde av heilskapen, ser gode løysingar og potensiale for vidare utvikling av avdelinga. Ditt positive humør og pågangsmot gjer at du saman med avdelinga skapar engasjement og vilje til forbetring.

Dette er ei dagtidsavdeling, rolla rapporterer til einingsleiar teknisk.

Søknadsfrist: 08.03.2026

Viss du har spørsmål kan du kontakte:

Ansettelsesleder
Christian Nupen
(Norway +47) 97122342

Rekrutterer
Berit Åkre
(Norway +47) 92227339

Hydro Aluminium Metal er en ledende leverandør av pressbolter, valseblokker, støpelegeringer, tråd og høyrenhetsaluminium med et globalt produksjonsnettverk med rundt 6,000 ansatte. Vi har anlegg for produksjon av primærmetall i Europa, Canada, Australia, Brasil og Qatar, og gjenvinningsanlegg i Europa og USA. To tredjedeler av vår produksjon av primæraluminium er basert på fornybar energi.

Norsk Hydro

About Norsk Hydro

Hydro is a leading industrial company that builds businesses and partnerships for a more sustainable future. We develop industries that matter to people and society.

Since 1905, Hydro has turned natural resources into valuable products for people and businesses, creating a safe and secure workplace for our 31,000 employees in more than 140 locations and 40 countries.

Today, we own and operate various businesses and have investments with a base in sustainable industries. Hydro is through its businesses present in a broad range of market segments for aluminium, energy, metal recycling, renewables and batteries, offering a unique wealth of knowledge and competence.

Hydro is committed to leading the way towards a more sustainable future, creating more viable societies by developing natural resources into products and solutions in innovative and efficient ways.

Industry
Oil, Gas & Mining
Company Size
10,000+ employees
Headquarters
Oslo, NO
Year Founded
1905
Website
hydro.com
Social Media