Mio BPA

Ønskjer du ein meiningsfull og variert jobb? Søk som assistent til ein aktiv 15-åring!

Mio BPA  •  Kingdom of Norway (Onsite)  •  5 hours ago
Apply
AI can make mistakes so check important info. Chat history is never stored.

Job Description

📍 Arbeidsgiver: Mio BPA
📅 Tiltredelse: Snarest
📌 Stillingstype: Fast
⏰ Arbeidstid: Ettermiddag og formiddag, hverdag og helg


Hei!

Er du på jakt etter ein jobb der ingen dagar er heilt like? Då kan dette vere stillinga for deg!

Eg er ein glad, sosial og fotballgal 15-åring som bur saman med familien min og hunden vår. Derfor er det ein fordel om du ikkje er allergisk mot dyr.

Fotball og fly er det eg brenn mest for. Eg heiar på FK Haugesund og Arsenal, og drøymer om å bli både pilot og fotballtrenar. Når eg ikkje følgjer med på fotball eller fly, likar eg å vere sosial, finne på aktivitetar og oppleve nye ting.

Som assistent vil du vere med meg i kvardagen. Det kan vere alt frå fotballkampar, kino, bowling og bursdagar til turar, reiser og andre spennande aktivitetar. Eg treng ein trygg og positiv person som kan vere med meg, støtte meg og bidra til at eg får oppleve og meistre mest mogleg.

Arbeidsoppgåvene omfattar òg rettleiing i kvardagen, personleg stell, enkel matlaging og litt praktisk hjelp i heimen.

Det viktigaste for meg er at du er tålmodig, positiv og likar å vere saman med ungdom.

Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper eg du sender inn ein søknad – kanskje er det akkurat deg eg leitar etter!


Stilling og arbeidstid

Jeg ser nå etter 2 faste assistenter:

- Ein fast på 10 timer i uka fra 2/7

- Ein fast på 3 timer i uka fra 1/9

Arbeidstidene er stort sett ettermiddager, og noen ganger formiddager, både i hverdager og helger (men ikke på søndager).

Kvalifikasjonar

  • Fordel med førarkort klasse B og egen bil.

  • Framvise politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

  • Gode norskkunnskapar.

  • Personleg egnethet og kjemi vektleggast

Personlige egenskapar:

  • Leken

  • Omsorgsfull

  • Påliteleg

  • Fleksibel

  • Kreativ

Ved spørsmål angående stillingen, kontakt rekrutterer Maria Noer Lilli på epost: maria.noer@mio.no. Søknader sendes inn via eget søknadsskjema.

Vi tilbyr:

  • En meningsfylt jobb

  • Erfaring fra helse- og omsorgssektoren

  • Lønn etter tariff: Timelønn 225,40,-, kveldstillegg på 60,- og helgetillegg på 57,-

  • Teoretisk og praktisk opplæring, i tillegg til relevante kurs

  • Fordelsportal med rabattavtaler på blant annet hotell, hvitevarer, nettbutikker etc.

Mio BPA

About Mio BPA

Mio BPA er BPA-leverandøren i Norge med størst vekst de siste tre årene. Med ambisjoner om å bli Norges største BPA-leverandør jobber vi hver dag for å gi mennesker med bistandsbehov den beste tjenesten, i tråd med vår visjon: "Vi gir mennesker et bedre liv."

Industry
Government & Public Safety
Company Size
201-500 employees
Headquarters
Oslo, NO
Year Founded
2014
Website
mio.no
Social Media