Nevrologi og rehabilitering sengepost søkjer ein positiv og påliteleg medarbeidar til ein praktisk og meiningsfull støttefunksjon i ein hektisk og lærerikt kvardag.
Om stillinga Midtsoneassistent er ei service- og støttefunksjon der hovudoppgåva er å avlaste sjukepleiarar og helsefagarbeidarar med praktiske og ikkje-medisinske arbeidsoppgåver. Som midtsoneassistent bidreg du til tryggleik og god flyt i sengeposten gjennom viktige praktiske gjeremål i kvardagen.
Du blir ein viktig del av arbeidsmiljøet på sengeposten.
I sengeposten vår har vi pasientar med sjukdomar og skader innanfor områda nevrologi, rehabilitering og indremedisin. Hjå oss vil du møte fagpersonar frå ulike yrker som lege, sjukepleiar, helsefagarbeidar, logoped, ergoterapeut, fysioterapeut m.m. som alle samhandlar til det beste for pasient og pårørande.
Vi søkjer deg som er serviceinnstilt, sjølvstendig og trivst med å vere der det skjer. Rolla krev ikkje formell helsefagleg utdanning.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.