Fjord1 - Maritim Drift

Matros - Open Søknad

Fjord1 - Maritim Drift  •  Kingdom of Norway (Onsite)  •  3 hours ago
Apply
AI can make mistakes so check important info. Chat history is never stored.

Job Description

Fjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i markanden!

Er du matros og ynskjer jobb? Her kan du legge inn ein open jobbsøknad - gjeld både deg som ønskjer å vikariere og deg som er på leit etter fast arbeid/lengre vikariat. Dersom du er ein aktuell kandidat og vi ikkje har ei ledig stilling akkurat no, vil vi lagre søknaden din og ta kontakt dersom det dukker opp ei passande stilling.

For å gjere det enklare å finne rett oppdrag til deg ber vi deg om å legge inn informasjon om:

  • Kor i landet du ønskjer å jobbe
  • Kor ofte du ønskjer å jobbe
  • Legg ved kompetanse og kvalifikasjonar i søknaden

Alle søknadar blir behandla fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre billettering, bruvakt og anna førefallande arbeid om bord
  • Alternere mellom arbeid på dekk og i maskin etter behov
  • Løyse arbeidsoppgåver pålagt av næraste overordna
  • Handtere oppgåver knytt til alarminstruks og beredskap
  • Delta i verne- og miljøarbeid for å sikre tryggleik og god drift
  • Sikre god kundehandsaming og service for passasjerane

Kvalifikasjonar

For å jobbe som matros må du ha relevant kompetanse og nødvendige sertifikat for stillinga, dette innebærer:

  • Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matros
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Nordiske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

For å trivast i denne rolla er det viktig at du har evne til å arbeide tett med andre menneske over tid, har eit godt humør og gode kommunikasjonsevner. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Som tilsett i Fjord1 får du spennande moglegheiter i ein leiande aktør innan maritim næring. Du vil få sjansen til å jobbe på moderne, miljøvennlege fartøy og opparbeide deg verdifull erfaring i ein framtidsretta bransje i stor utvikling. Arbeidet gir deg konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår, der lønn vert gitt etter overenskomst mellom mellom NHO Sjøfart og Sjømannsforbundet. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fleksible arbeidstidsordningar. I tillegg får du moglegheit til å utvikle deg fagleg og bygge nettverk i maritim næring. Kursavgift for krise-/passasjerhandteringskurs blir dekt av Fjord1.

Vi ser fram til å sjå søknaden din!

Fjord1 - Maritim Drift

About Fjord1 - Maritim Drift

Industry
Unknown
Company Size
Unknown
Headquarters
Unknown
Year Founded
Unknown
Website
fjord1.no
Social Media