Fjord1 - Maritim Drift

Maskinoffiser - Open Søknad

Fjord1 - Maritim Drift  •  Kingdom of Norway (Onsite)  •  3 hours ago
Apply
AI can make mistakes so check important info. Chat history is never stored.

Job Description

Fjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i markanden!

Er du maskinoffiser og ynskjer jobb på ferge? Gjeld både deg som ønskjer å vikariere og deg som er på leit etter fast arbeid/lengre vikariat. Dersom du er ein aktuell kandidat og vi ikkje har ei ledig stilling akkurat no, vil vi lagre søknaden din og ta kontakt dersom det dukker opp ei passande stilling.

For å gjere det enklare å finne rett oppdrag til deg ber vi deg om å legge inn informasjon om:

  • Kor i landet du ønskjer å jobbe
  • Kor ofte du ønskjer å jobbe
  • Legg ved kompetanse og kvalifikasjonar i søknaden

Alle søknadar blir behandla fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Vere teknisk leiar om bord og sikre at skipet sitt tekniske utstyr fungerer i samsvar med krav frå klasse og styresmakter
  • Utføre vedlikehald av maskineri og tekniske komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem
  • Bidra saman med skipsførar til å sikre etterleving av tryggleiksstyringssystemet og ISM-koden
  • Sørge for opplæring og utvikling av personell under si leiing
  • Handtere oppgåver knytt til alarminstruks og beredskap
  • Oppdatere og halde vedlike jobbskildringar, vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
  • Arkivere og vedlikehalde fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
  • Ha oversikt over og rapportere dagleg forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Planlegge budsjett, følgje opp bestillingar og sikre tilgang til reservedelar og utstyr innanfor ansvarsområdet
  • Sikre at stoffkartoteket er oppdatert og tilgjengeleg
  • Halde orden og sikre brannførebygging i maskinrom og tekniske område
  • Ha kompetanse på energileiing i tråd med gjeldande kompetansebehov

Kvalifikasjonar

For å jobbe som maskinoffiser må du ha relevant kompetanse og nødvendige sertifikat for stillinga, dette innebærer:

  • Minimum M3-sertifikat
  • FSE E-læringskurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Nordiske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

For å trivast i denne rolla er det viktig at du har evne til å arbeide tett med andre menneske over tid, har eit godt humør og gode kommunikasjonsevner. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Som tilsett i Fjord1 får du spennande moglegheiter i ein leiande aktør innan maritim næring. Du vil få sjansen til å jobbe på moderne, miljøvennlege fartøy og opparbeide deg verdifull erfaring i ein framtidsretta bransje i stor utvikling. Arbeidet gir deg konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår, der lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fleksible arbeidstidsordningar. I tillegg får du moglegheit til å utvikle deg fagleg og bygge nettverk i maritim næring. Kursavgift for krise-/passasjerhandteringskurs blir dekt av Fjord1.

Vi ser fram til å sjå søknaden din!

Fjord1 - Maritim Drift

About Fjord1 - Maritim Drift

Industry
Unknown
Company Size
Unknown
Headquarters
Unknown
Year Founded
Unknown
Website
fjord1.no
Social Media