Helse Fonna HF

LIS3 i Geriatri

Helse Fonna HF  •  Røvær, NO (Onsite)  •  3 hours ago
Apply
AI can make mistakes so check important info. Chat history is never stored.

Job Description

Er du vår nye geriater?

Helse Fonna HF omfattar sjukehusa i Haugesund, Stord, Odda og Valen, samt fire distriktspsykiatriske senter (DPS). Med over 4 000 tilsette tilbyr vi spesialisthelsetenester til om lag 180 000 innbyggjarar i regionen. Våre tilsette er vår viktigaste ressurs, og vi arbeider målretta for å skape eit godt fagmiljø med høg kvalitet i pasientbehandlinga.

Vi har no ledig LIS3-stilling i geriatri. Du blir del av eit godt fagmiljø og arbeider tett saman med ein erfaren geriater. Vi ønsker å styrke det geriatriske fagmiljøet og her vil du få ei sentral rolle.

Som LIS3 i geriatri vil du vere LIS i medisinsk avdeling og rotere mellom dei ulike medisinske seksjonane for å gjennomføre LIS2 i indremedisin. Du deltek i denne perioden i det generelle indremedisinske vaktlaget. Medisinsk avdeling er ei aktiv avdeling med stort pasientvolum og varierte problemstillingar. Du får tett rettleiing og supervisjon, og læringskurva er bratt!

Nevro-, slag- og geriatriavdelinga har seks senger dedikerte til geriatriske pasientar og ei geriatrisk poliklinikk. Vi samarbeider tett med alderspsykiatrien gjennom eit tverrfagleg behandlingstilbod, og vi arbeider med planar om å etablere eit ambulant geriatrisk team.

Som LIS-lege blir du ein del av utdanningsnettverket i Helse Vest. Eininga fekk fornya godkjenning som utdanningsinstitusjon for spesialisering i geriatri i 2023. Vi skal flytte inn i nye og moderne lokale i 2027 og blir ein del av Vestlandslegen-satsinga. Vi ønskjer også å leggje til rette for forsking og fagutvikling.

Vi ser etter deg som har eit heilskapleg perspektiv på pasientbehandling og som trivst med tett samarbeid på tvers av profesjonar. Du er fagleg nysgjerrig, utviklingsorientert og ønskjer å bidra til vidareutvikling av det geriatriske tilbodet.

Du er velkommen til å søke.

Oppstart: 1. mars 2027, men tidlegare eller seinare oppstart er fullt mogleg.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre spesialistutdanning i tråd med gjeldande utdanningsplan.
  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Deltaking i forsking, kvalitetsarbeid og kliniske studiar.
  • Undervisning og rettleiing.

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført og godkjent LIS1-teneste
  • Relevant erfaring frå sjukehus.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • viser fagleg integritet, tillit og respekt
  • har interesse for fagleg utvikling og kvalitetsforbetring
  • er positiv, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • arbeider strukturert og målretta
  • bidreg til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Tett samarbeid med erfarne fagpersonar.
  • Gode moglegheiter for forsking og fagutvikling.
  • Deltaking i kvalitetsarbeid og kliniske studiar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Moglegheit til å kombinere ein spennande fagkarriere med ein attraktiv livsstil på Haugalandet.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Helse Fonna HF

About Helse Fonna HF

Industry
Unknown
Company Size
Unknown
Headquarters
Unknown
Year Founded
Unknown
Social Media