Visere

Kjøkkensjef - Elvesus Restaurant & Bar

Visere  •  Førde, NO (Onsite)  •  28 days ago
Apply
AI can make mistakes so check important info. Chat history is never stored.

Job Description

Elvesus har etablert seg som ein sosial møteplass midt i Førde, langs Jølstra – ein stad der mat, drikke, arrangement og fellesskap bind folk saman.

No søkjer vi ein tydeleg og operativ kjøkkensjef som vil få ei sentral rolle i den vidare utviklinga av Elvesus.

Dette er ei rolle for deg som trivst med ansvar, fagleg leiarskap og høg aktivitet – og som finn motivasjon i å skape kvalitet, struktur og samarbeid på kjøkkenet.

Stillinga rapporterer til dagleg leiar ved Elvesus Bar & Restaurant.

Om stillinga

Kjøkkenet er hjartet i Elvesus. Som kjøkkensjef får du ansvar for både den daglege drifta, det faglege nivået og vidareutviklinga av matkonseptet.

Rolla er operativ. Du må vere til stades i produksjonen, leie laget ditt tett på og bidra aktivt i den daglege drifta.

Elvesus ser etter ein kjøkkensjef som forstår heilskapen i huset. Mat, service, bar, arrangement og gjesteoppleving må henge saman. Du vil difor samarbeide tett med dagleg leiar og bidra i driftsmessige vurderingar også utover kjøkkenet når det er naturleg.

Arbeidsoppgåver

  • Menyutvikling i tråd med Elvesus sitt konsept og marknad

  • Prissetjing og kostnadskontroll

  • Innkjøp, varelager og oppfølging av leverandørar

  • Personalleiing som omfattar opplæring, oppfølging og vaktplanlegging

  • Utvikling av konsept og tilbod i samarbeid med dagleg leiar

  • Sikre gode rutinar for IK-mat, matsikkerheit, internkontroll og HMS

Kven er du?

Du er ein fagleg sterk kokk og trygg leiar som veit kva som skal til for å få eit kjøkken til å fungere optimalt. Vi ser for oss at du er trygg i både klassiske og moderne teknikkar, og kombinerar kvalitet med kommersiell forståing. Du har god struktur i arbeidet ditt og evne til å halde hovudet kaldt når tempoet er høgt.

Som leiar er du til stades, strukturert og tydeleg. Du ser menneska i laget ditt og bygg trivsel gjennom trygg leiing og klare forventningar.

Vi ser for oss at du:

  • Har bakgrunn som kokk og solid erfaring frå restaurantdrift med høg aktivitet

  • Trivst med ansvar og fagleg leiarskap

  • Kommuniserer tydeleg og har gode samarbeidsevner

  • Ønskjer å bidra til å utvikle Elvesus som matdestinasjon og sosial møteplass


Bli vår nye kjøkkensjef

Vi ser etter deg som vil bygge eit kjøkkenmiljø prega av fagleg styrke, struktur og samarbeid. Det er investert betydeleg i sjølve kjøkkenet, som held høg standard og gir kapasitet og fleksibilitet til å levere kvalitet på høgt nivå. Samstundes er det bygd strukturar som støttar utvikling, effektivitet og kontinuitet i drifta.

Rolla gir reell moglegheit til å påverke retning og meny i tett samspel med dagleg leiar – i eit stabilt og engasjert miljø med rom for fagleg vekst.


Om Elvesus

Elvesus er meir enn Restaurant & Bar. Langs jølstra har vi skapt ein stad der sosialt samvær og kulinariske opplevingar går hand i hand.

Ein kulinarisk oase for deg som elskar god mat og god stemning.


Lyst til å ta ein prat om stillinga?

Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal - 904 79 470 / daniel@visere.no
Jorunn Skrede Klakegg - 982 40 361 / jorunn@visere.no

Alle søknadar vert behandla fortløpande.


Visere

About Visere

We are a recruitment company with experienced advisors.

Norway is our prime market, offices in Oslo and Bergen.

We are using new recruitment tools and processes. We strive to help you grow your company - call us, or send a message, you won't regret it.

Industry
HR & Recruiting
Company Size
1-10 employees
Headquarters
Bergen, NO
Year Founded
2020
Website
visere.no
Social Media