Grunnskulane i Kvam har kontinuerleg behov for vikarar gjennom skuleåret. Er du interessert i arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp i skule så er du velkomen til å registrera søknad og CV her ved å velja "Søk på stillinga".
Denne annonsa gjeld kun open søknad eller søknad om arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp i løpet av skuleåret 2026/2027. Søkjarlista til denne stillingsannonsa vert nytta som vikarliste av dei ulike skulane i kommunen og du kan bli kontakta av rektor/avdelingsleiar dersom du har dei rette kvalifikasjonane.
Ledige vikariat og faste stillingar vert utlyst på heimesida vår og dei må du søkja på særskilt.
Vil du vita meir om skulane i Kvam herad eller ønskjer å ta direkte kontakt med rektor, sjå informasjon på https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/skule/
Kvam herad vil i periodar ha trong for personar som kan undervisa i tospråkleg fagopplæring og/eller morsmålsopplæring. I tillegg til kvalifikasjonane som er nemnt over, vil difor det å vera fleirspråkleg vera ein kompetanse som er særleg aktuell i periodar. Behovet og type språk vil variera.
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Opplæringslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.