Alsaker Fjordbruk er eit solid havbrukskonsern i stadig vekst. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt og har om lag 1,7 milliardar i omsetnad. Lokalitetane våre ligg i 13 kommunar, frå Rennesøy i sør til Meland i nord. Konsernet er ein av dei største smoltprodusentane i landet. Årleg produksjon av matfisk er på om lag 30 000 tonn, fordelt på 22 konsesjonar. Me er om lag 250 tilsette i Hordaland og Rogaland, som jobbar hardt og målretta for å halda fram den gode utviklinga. Kjekt har me det òg. Les meir om oss på www.alsaker.no.
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er det største privateigde oppdrettskonsernet i Sør-Norge, med 36 matfiskkonsesjonar, 5 settefiskanlegg, stamfiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 4 milliardar i omsetnad og er om lag 500 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Vil du vere med og utvikle og drifte IT-løysingar internt i konsernet? Hos oss er målet å ha kompetansen i eigen organisasjon. Me driftar både lokale serverar og moderne skytenester som Microsoft 365 og Azure. Me ser etter deg som likar å finne løysingar, hjelpe folk og sikre stabil drift. Du får påverke korleis me vidareutviklar IT-plattforma vår, og bidra til at konsernet jobbar effektivt og sikkert – kvar dag.
Som IT-konsulent i Alsaker Fjordbruk blir du IT-ressursen for Bolaks, med kontorstad på Lammaneset i Eikelandsosen. Stillinga er ein del av konsernet si IT-avdeling, og du vil òg jobbe på tvers av selskapa i konsernet, som har lokasjonar langs kysten frå Rogaland til Vestland.
Du har fast ein dag i veka på hovudkontoret på Onarheim, og noko reising mellom lokasjonane elles må påreknast. Du blir ein viktig person i eit konsern med breitt IT-behov, der du sikrar stabil drift og bidreg til utvikling. Du blir del av eit kompetent IT-team som samarbeider tett med resten av organisasjonen.
Som IT-konsulent hos oss får du eit breitt spekter av arbeidsoppgåver, mellom anna drift og utvikling av den hybride plattforma vår. Det inneber å jobbe med alt frå lokalt datasenter og serverar til Microsoft 365, Azure og tryggleiksløysingar.
Relevante arbeidsoppgåver vil vere:
Me ser for oss at den nye IT-konsulenten vår har erfaring med IT-drift, support eller konsulentverksemd. Vidare er det ein fordel at du kjenner Microsoft 365 og Azure, og har erfaring med serverdrift.
Me ser etter deg med:
Sertifisering innan Microsoft 365 er ein fordel, men ikkje eit krav.
Kvifor Alsaker Fjordbruk?