Bergen kommune

Helge- og tilkallingsvikarar

Bergen kommune  •  Tennfjord, NO (Onsite)  •  12 hours ago
Apply
AI can make mistakes so check important info. Chat history is never stored.

Job Description

Helse og omsorg, Haram indre, søkjer sjukepleiarstudentar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleieassistentar.

Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar. Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingane, nokre inntil 14 timar.

Eidet omsorgssenter opna i 2017 og ligg på Eidet mellom Vatne og Tennfjord, og er ein del av Haram Omsorgssdistrikt. Haram indre består av Eidet Omsorgssenter, Dagsenter Eidet og heimetenestesta. Eidet omsorgssenter avd. 1 - langtid, HDO (heildøgnsomsorg) og korttid

Vi behandlar søknadar fortløpande.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

Du kan søkje deg til desse avdelingane:

HEIMETENESTA

Heimesjukepleien yter teneste til personar som, på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing, har behov for hjelp i kvardagen, men som framleis bur i eigen heim. Tenesta gir praktisk bistand og helsefagleg oppfølging i situasjonar der pasienten ikkje meistrar oppgåvene sjølv. Målet er å bidra til at kvar einskild kan bu heime så lenge som mogleg og vere mest mogleg sjølvhjelpen i kvardagen. Heimesjukepleia tilbyr mellom anna hjelp til dagleg stell og personleg hygiene, dusj, legemiddelhandtering, oppfølging av ernæring og tilrettelegging av enkle måltid. Tilsette i heimesjukepleien nyttar kommunale bilar når dei reiser til og frå pasientane som del av det daglege arbeidet.

EIDET OMSORGSSENTER AVDELING 1 - LANGTID OG KORTTID

Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod for personar som ikkje lenger kan bu i eigen heim. Avdelinga har 11 bebuarar.

Korttidssavdelinga gir eit tidsavgrensa tilbod til pasientar som treng tett oppfølging etter utskriving frå sjukehus, eller som av andre årsaker har behov for ei overgangsordning. Målet er å sikre ein trygg og fagleg forsvarleg overgang frå spesialisthelsetenesta til heimen, eller vidare tilpassa omsorgstilbod. Avdelinga legg til rette for kartlegging av pasienten sitt vidare hjelpebehov, og tilbyr målretta og tverrfagleg rehabilitering for å styrke funksjonsevne, meistring og sjølvstende i kvardagen. Her får pasientane oppfølging innan blant anna, daglege gjeremål, legemiddelhandtering, ernæring og medisinsk observasjon. Avdelinga arbeider aktivt for å fremje mestring hos pasientane og sikre at dei får ei best mogleg tilpassa oppfølging når dei skal vidare i behandlingsforløpet.

EIDET OMSORGSSENTER AVDELING 2 - LANGTID

Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod for personar som ikkje lenger kan bu i eigen heim. Avdelinga har 22 bebuarar, hovudsakleg eldre, som får oppfølging og omsorg basert på individuelle behov og vurderingar. Personalet legg stor vekt på å skape trygge og stabile rammer gjennom heile døgnet, og å bidra til god livskvalitet, tryggleik og verdig omsorg for kvar einskild bebuar.

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar, helsefagarbeidar eller pleieassistent vil du bidra til å sikre pasientane god omsorg, tryggleik og fagleg forsvarleg helsehjelp. Arbeidsoppgåvene vil variere noko etter kompetansenivå, men kan omfatte:

  • Grunnleggjande pleie og omsorg, som personleg hygiene, påkledning, mobilisering og måltidsstøtte.
  • Observasjon av pasientar, inkludert vurdering av allmenntilstand, endringar i helse og behov for vidare tiltak.
  • Dokumentasjon i elektronisk journalsystem (Helseplattformen) i tråd med gjeldande retningslinjer.
  • Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper for å sikre heilskapleg pasientoppfølging.
  • Legemiddelhandtering, etter kompetanse og fullmakter.
  • Praktiske oppgåver knytt til miljø, trivsel og dagleg drift av avdelinga.
  • Tett kommunikasjon med pasientar og pårørande for å skape tryggleik og gi god informasjon.
  • Deltaking i faglege møte og rapportar ved vaktstart eller vaktavslutning.
  • Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø gjennom samarbeid, deling av kunnskap og støtte til kollegaer.

Alle tilsette må kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar i situasjonar som oppstår, og samtidig bidra aktivt i teamet for å sikre trygg og kvalitativ helsehjelp.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer i hovudsak kandidatar med fagutdanning innan helse- og sosialfag, samt studentar, elevar eller deg som har relevant erfaring og interesse for slikt arbeid.
  • Attestar og vitnemål skal leverast etter nærare avtale.
  • Det er krav om gyldig politiattest for tilsetting i alle avdelingane.
  • I søknaden ber vi om at du oppgir kva avdeling du ønskjer å arbeide i, samt om du har førarkort.
  • For stilling i Heimetenestene er førarkort ein føresetnad.

Personlege eigenskapar

  • Du er påliteleg, positiv og har gode haldningar i samhandling med andre.
  • Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i tett samarbeid med kollegaer, samt vise fleksibilitet i ein variert arbeidskvardag.
  • Du har eit sterkt ønskje om å gi pasientane våre eit godt og fagleg trygt tilbod, og du bidreg aktivt til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode datakunnskapar og solid norskkompetanse, både skriftleg og munnleg, er ein føresetnad for stillinga.
  • Hugs å oppgi referanse.

Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling, inkludert solid opplæring.
  • Eit fagmiljø med kompetente, engasjerte og støttande kollegaer – og ein jobb som opplevast som meiningsfull.
  • Tilpassa turnus/turnusordning.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.
  • Gratis parkering.

Spesifiser i søknaden kva avdeling søknaden gjeld. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.

Bergen kommune

About Bergen kommune

Become part of Bergen Municipality. With over 20,000 employees, we are the largest employer in the region. Our mission is to deliver good services to the residents of Bergen. Our employees work with everything from urban development, kindergartens, schools, health to culture. With us, you will be part of a good professional environment, and you will get a meaningful job with development opportunities.

---

You are welcome to follow us and to like, comment and share what we publish. Remember that what you write can be read by anyone who visits the page.

We reserve the right to remove posts that are either offensive, harassing, racist, or that step over the limits of privacy. Consideration for privacy and rules for municipal case processing limit the ability to go into people's individual cases on LinkedIn.

---

Do you need help from us or have questions about our services?

On the municipality's website, www.bergen.kommune.no, you can chat with us during working hours or ask the chatbot Kommune-Kari 24/7. You can also call us at Innbyggerservice phone 55 56 77 00 or send an email: to postmottak@bergen.kommune.no

Would you like to know more about what data LinkedIn collects about you, read more here: www.linkedin.com/legal/privacy-policy

See your user agreement with LinkedIn here:

https://no.linkedin.com/legal/user-agreement?

---

This LinkedIn page is managed by the Communication Section of Bergen Municipality. You can contact us by email: kommunikasjon@bergen.kommune.no

Industry
Government & Public Safety
Company Size
5,001-10,000 employees
Headquarters
Bergen, NO
Year Founded
1070
Social Media