Visere

Førde Sementvare AS - Selger og Sivilingeniør (2 stillinger)

Visere  •  Kingdom of Norway (Onsite)  •  1 month ago
Apply
AI can make mistakes so check important info. Chat history is never stored.

Job Description

Førde Sementvare AS er ei lokal og solid industriverksemd med lange tradisjonar innan produksjon av betong- og sementvarer. Vi leverer kvalitetsprodukt til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør i regionen. Vi har omlag 75 ansatte.

Gjennom høg fagkompetanse, moderne produksjon og sterk lokal forankring bidreg vi til utvikling og verdiskaping i Sunnfjord og på Vestlandet.

Vi er eit konsern med ambisjonar for vidare vekst og utvikling, og legg stor vekt på kvalitet, berekraft og langsiktig forretningsdrift. Hjå oss jobbar engasjerte medarbeidarar som er stolte av faget sitt og av verksemda dei er ein del av.

No ser vi etter 2 nye medarbeidarar til å styrke laget vårt: Seljar og Sivilingeniør

Seljar - Førde Sementvare AS

Vil du jobbe med sal av konkrete byggjeløysingar – og bli ein viktig rådgjevar for kundane våre?

Førde Sementvare er ei solid industriverksemd med sterke røter i regionen og ambisjonar for vidare vekst. No søkjer vi ein engasjert seljar som vil vere med å utvikle marknaden vår og skape gode løysingar for kundane våre.

Hos oss jobbar du tett på både kundar, prosjekt og produksjon – og får vere med å påverke løysingane frå tidleg fase til ferdig leveranse.

Dette kjem du til å jobbe med:

  • Utarbeiding og oppfølging av tilbod

  • Aktiv kundekontakt og relasjonsbygging

  • Oppfølging av både eksisterande og nye kundar

  • Deltaking i prosjektutvikling saman med kundar og interne fagmiljø

  • Samarbeid med prosjektleiarar for å sikre gode og effektive leveransar

  • Dokumentasjon og oppfølging i relevante system

Kvifor velje oss?

  • Du får ein sentral rolle i eit selskap med sterk lokal posisjon og gode vekstambisjonar

  • Du jobbar tett på fagmiljøet og blir ein viktig rådgjevar for kundane

  • Kort veg frå idé til avgjerd – og moglegheit til å påverke

  • Eit godt arbeidsmiljø med stolte fagfolk og høg kompetanse

  • Varierte dagar med stor grad av sjølvstende

Vi ser etter deg som:

  • Har byggteknisk bakgrunn (ingeniør eller fagskule)

  • Har erfaring frå bygg, gjerne prefab

  • Er trygg i dialog med kundar og flink til å bygge tillit

  • Jobbar strukturert og tek eigarskap til eigen portefølje

  • Er utadvendt, samarbeidsorientert og motiverast av resultat

  • Likar å jobbe med produkt og finne løysingar

Arbeidsstad: Førde eller Loen

Sivilingeniør - Førde Sementvare AS

Vil du jobbe med prosjektering av bygg og følgje dei frå idé til ferdig bygg?

Førde Sementvare er ei solid industriverksemd med sterke røter i regionen og ambisjonar for vidare vekst. Vi leverer betongelement og byggjeløysingar til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør på Vestlandet. Hjå oss jobbar engasjerte fagfolk som er stolte av det dei skaper.

No søkjer vi ein engasjerte og fagleg flink sivilingeniør til elementavdelinga vår. Hos oss jobbar du tett på både prosjektering og produksjon – og får vere med å påverke løysingane gjennom heile prosjektløpet.

Arbeidsoppgåver:

  • Byggteknisk prosjektering, statiske berekningar og dimensjonering av betong- og stålkonstruksjonar

  • Utarbeiding av konstruksjonsteikningar, produksjons- og montasjeunderlag

  • Tett samarbeid med produksjon for å sikre gode og effektive løysingar

  • Deltaking i varierte prosjekt med fokus på kvalitet, berekraft og gjennomførbarheit

Kvifor velje oss:

  • Du får sjå resultata av arbeidet ditt bli realisert i praksis

  • Tett samarbeid mellom prosjektering og produksjon

  • Kort veg frå idé til avgjerd – og moglegheit til å påverke

  • Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse

  • Eit praktisk og løysingsorientert arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad innan bygg (sivilingeniør)

  • Erfaring fra konstruksjonar, gjerne innan betong og prefab

  • Erfaring med eller interesse for BIM- og prosjekteringsverktøy (t.d. Tekla/Autocad)

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert og nøyaktig, med fokus på kvalitet

  • Initiativrik og løysingsorientert

  • Gode samarbeidsevner

Arbeidsstad Førde eller Loen



For begge stillingane:

Synest du dette høyrest spennande og interessant ut, ta kontakt med Jon Gjerde i Visere på tlf. 958 44 394jon.gjerde@visere.no Om du ønskjer det, kan vi i første omgang halde namnet ditt konfidensielt overfor oppdragsgivar.

Visere

About Visere

We are a recruitment company with experienced advisors.

Norway is our prime market, offices in Oslo and Bergen.

We are using new recruitment tools and processes. We strive to help you grow your company - call us, or send a message, you won't regret it.

Industry
HR & Recruiting
Company Size
1-10 employees
Headquarters
Bergen, NO
Year Founded
2020
Website
visere.no
Social Media