Norsk Hydro

Elkraftingeniør

Norsk Hydro  •  Onsite  •  1 month ago
Apply
AI can make mistakes so check important info. Chat history is never stored.

Job Description

Har du utdanning innan elkraft og ynskjer å bli ein del av eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø?

Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstsvilkår for born og ungdom. Området kan by på idyllisk skjærgård, høge fjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktiviteter både sommar- og vinterstid. Verket er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på 200 000 tonn elektrolysemetall.

Ved full drift har verket eit effektforbruk på 350 MW som blir distribuert til elektrolyse og dei ulike delfabrikkane på verket. Ansvar for dette vert handtert av avdeling for straumforsyning.

Kva tilbyr me?

Me har eit venleg og inkluderande arbeidsmiljø, der me ser og oppmuntrar kvarandre. Du får utfordrande arbeidsoppgåver i ein variert arbeidskvardag, saman med dedikerte og fagleg dyktige kollegaer. Hydro er ein leiande aktør innan aluminiumsproduksjon, med gode betingelsar og moglegheiter for karriereutvikling.

Kva skal du gjere?

Vår avdeling handterer drift og vedlikehald av, samt gjennomføring av prosjekt i forsyningsanlegget for høgspenning til verket. Stillinga er ei viktig brikke for å oppretthalde stabil drift og høg oppetid i vårt 300/24 kV koplings- og distribusjonsanlegg, samt eit større likeretter- og fasekompenseringsanlegg.


Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere:

  • Drift og vedlikehald av høgspenningsanlegg
  • Prosjektleiing, planlegging og oppfølging av prosjekt
  • Teknisk støtte innan drift og vedlikehald av høgspenningsanlegg
  • Utarbeide elektroteknisk dokumentasjon, samt revisjon av eksisterande
  • Gjennomføre risiko- og rotårsaksanalyser
  • Vere ein pådrivar innan kvalitets- og forbetringsarbeid

Kva vil bidra til at du lukkast i stillinga?

  • Fagskule/Bachelor/Master innan elkraft/elektro/automasjon
  • Erfaring innan drift og vedlikehald av elektriske høgspenningsanlegg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, på både norsk og engelsk
  • Elles vil det vere ein fordel å ha:
    • Fagbrev Energimontør, gruppe H eller A
    • Erfaring med prosjektleiing
    • Kjennskap til DAK-verktøy (AutoCAD)
    • Kompetanse innan høgspenningsvern og PLS-er, samt programmering av desse
    • Erfaring innan tyristoranlegg eller større VFD-anlegg

Me søkjer deg som:

For å lukkast i jobben må du vere strukturert, løysingsorientert og ha ei bevisst haldning til HMS. Arbeid i og med høgspentanlegg kan by på krevjande situasjonar, det er difor viktig at du klarar å halde hovudet kaldt og har ein svært god evne til å forstå og formidle informasjon munnleg og skriftleg, både på norsk og engelsk. Me treng ein person med fagleg tyngde og allsidig erfaring, som kan arbeide like godt sjølvstendig som saman med andre.

Det er ønskjeleg at du kan delta i vår vaktordning, med veke- og helgevakter. I samband med vaktordning er det viktig at du har sertifikat på personbil.


Stillinga rapporterer til områdeleiar for infrastruktur.

Søknadsfrist: 10.05.2026

Hvis du har spørsmål kan du kontakte:

Einingsleiar teknisk avdeling
Helene Sjo Prestegård
(Norway +47) 99375605

Rekrutterer
Berit Åkre
(Norway +47) 92227339

Norsk Hydro

About Norsk Hydro

Hydro is a leading industrial company that builds businesses and partnerships for a more sustainable future. We develop industries that matter to people and society.

Since 1905, Hydro has turned natural resources into valuable products for people and businesses, creating a safe and secure workplace for our 31,000 employees in more than 140 locations and 40 countries.

Today, we own and operate various businesses and have investments with a base in sustainable industries. Hydro is through its businesses present in a broad range of market segments for aluminium, energy, metal recycling, renewables and batteries, offering a unique wealth of knowledge and competence.

Hydro is committed to leading the way towards a more sustainable future, creating more viable societies by developing natural resources into products and solutions in innovative and efficient ways.

Industry
Oil, Gas & Mining
Company Size
10,000+ employees
Headquarters
Oslo, NO
Year Founded
1905
Website
hydro.com
Social Media